logo

Søk

Velg språk

Meny

NPF Sogn og Fjordane: Julemøte

FLORØ, Quality Hotel Florø , 14.12.2017

Saman med Flora industri- og næringsforening (FIN) inviterer Norsk Petroleumsforening (NPF) avdeling Sogn og Fjordane torsdag 14. desember kl 19 til felles julemøte på Quality hotell i Florø.

Møtet startar med fagleg program. Geir Johannessen, administrerande direktør i INC Invest AS, vil orientere om status for utviding av Fjord base og om vidare planar for bruken av området, deriblant dei spanande planane om eit grønt cluster. Han vil også gå nærare inn på den nyvunne kontrakten med SEISMIKKSELSKAPET PGS og kva dette vil/kan innebere for regionen med tanke på aktivitet og etterspurnad etter varer og tenester.

 

Etter presentasjonen blir det julematbuffé etter tradisjonell lest.

 

Vi ber om påmelding snarast mogleg og seinast 12. desember. De må der opplyse om de ønskjer servering eller ikkje. Denne er gratis for personlege medlemer i NPF og/eller dei som representerer medlemsverksemder i FIN. For andre/ikkje-medlemer kostar servering 500 kr. Ikkje-medlemer som melder seg inn i NPF før møtet, vil sleppe dette og dermed få rabattert kontingent for året som kjem. Medlemskapen gjeld i eitt år frå innmelding. Trykk HER FOR INFORMASJON om og eventuell innmelding i NPF.

 

Trykk HER FOR PÅMELDING til møtet. Etter vellukka påmelding vil de få ei stadfesting per e-post sendt frå «Sogn og Fjordane fylkeskommune noreply@pameldingssystem.no».  Om de seinare vil melde dykk av eller endre noko, er det fint om de kan gjere det ved å følgje lenka de finn i den e-posten.

 

Med helsing

Audun Erik Sunde – leiar i NPF avdeling Sogn og Fjordane

mob: +47 916 45 874

 

NORSK PETROLEUMSFORENING

Om NPF
Lokalavdelinger
Medlemsfordeler
Konferanser
Bli medlem!

                                        

Lilleakerveien 2 A
0283 Oslo
Telefon 22 13 18 10
Epost: Se ansatte
C/O Conventor
P.O Box 1535
4093 Stavanger

Besøksadresse:
Støperigaten 38
4014 Stavanger   
Telefon: Se ansatte

 

 

 

     

Våre støttespillere og samarbeidspartnere i arbeidet for de unge: